tirsdag 3. september 2019

Knallstart på hjortejakta i 2019

Planen for første dagen var at Ove skulle reise inn i bua i Daurmåla om kvelden før jakta starta medan Asle og Tormod skulle kome inn kl 05:00 for så å gå fram i dalen for å sjå om det var dyr der. Ove fekk kontakt med Asle og Tormod då dei kom inn om morgonen, men då var det framleis for mørkt til å sjå om det var dyr der. Asle og Tormod sjekka framme i dalen og medan dei gjorde dette kom det gåande tre dyr vinkelrett på Ove. Kolle, kalv og fjordyr. Ove skaut fjordyret som datt rett ned. Tormod og Asle kom no ned att for å hjelpe Ove. Etter at dyret var prekevert vart det heim igjen. Om ettermiddagen vart det ny tur til Supphelledalen. Vi såg eit lite dyr eit godt stykke oppe i lia mellom Daurmåla og Merkjeshammaren, dette ville Tormod prøve seg på. Asle gjekk fram til Brehaugane for å setje seg der. Tormod klarte ikkje å sjå dyret oppe i lia då det hadde lagt seg ned i ei grop så Tormod spurte om ikkje Ove kunne hjelpe til med kikringa og gi beskjed om når dyret reiste seg og byrja å gå. Ove, som sat eit godt stykke unna og som hadde mykje betre oversyn over lia enn Tormod, såg at dyret etter ei tid reiste seg og byrja å bevege seg, Ove gav straks melding til Tormod og no såg Tormod dyret og demed smalt det og Tormod hadde fått seg ein einsleg ok kalv. Ikkje lenge etterpå kom Asle innpå og meldte at han hadde skote kolle og kalv.  Denne dagen var vi tre mann på jakt og alle fekk dyr, noko som ikkje er kvardagskost for oss. Kjempestart på sesongen!

Ove med fjorkolla

Tormod med kalven

Asle med kolle og kalv
Så var det å få dyra ned att då.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar