Snart fullmåne og turen gjekk til Supphelledalen for Asle, Tormod og Ove, denne gangen reiste karane veldig tidleg, klokka var ikkje meir enn 15:00 då dei kom inn.Tormod gjekk først opp i Ali og var der til dagslyset forsvann. Deretter plasserte han seg i tårnet på Neset og venta på månen. Asle og Ove ordna først med slaktet frå i går før dei sette seg for kvelden; Asle i Sigurdløa og Ove i Vetleløa. Kl 19:30 kom det to spissbukkar inn på marka litt heimom Vetleløa, desse trekte fram mot Ove som skaut den eine. Det kom ikkje dyr til dei to andre karane i kveld.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar