lørdag 21. august 2010

Hafslofiske og Herman

Eg har vore ein to - tre turar på Hafslovatnet no på seinsommaren, men fangsten har det våre så som så med. Noko fiskebilete blir det difor vanskeleg å ha med her i dag. På den andre sida er det lenge sidan eg har hatt med eit bilete av fiskekompis Herman på denne bloggen og nokon dårleg erstattning for manglande aurar er det jo ikkje med å legge innpå eit bilete av Herman ombord i båten på ein flott ettersommardag på Hafslovatnet :-)