
I dag har me hatt sightseeing i områda rundt Panama City, me har sett på Panama kanalen, me har vore på ei øy med Duty Free handel, me hadde ikkje
med oss passa men det heldt med førarkortet mitt pluss nøkkelkortet til rommet på hotellet, dermed kunne me alle handle der :-)
Vidare har me vore i slummen ein tur, ikkje berre søtamjelk nei, men greit å få sett dette og.
Når det gjeld lønsnivå så ligg ei gjennomsnittleg månadsløn for ein restaurantarbeidarar på litt over 400$, altså omlag 2400 kr., ikkje spesielt godt betalt sett med norske auger!
Temperaturen ligg kvar dag på ca 33°, passeleg det, for min del så treng det ikkje bli varmare
Published with Blogger-droid v1.6.7