I dag stod me opp kl. 05:00 og var på plass i båthavna kl 06:00. Litt etter gjekk me gjennom Canal Suàres og ut i Laguna San Jose før me gjekk vidare til Laguna Los Corozos. Programmet for dagen var tarponfiske, ein art eg aldri tidlegare har fiska etter, og som det skulle vise seg at eg ikkje hadde peiling på! Rikeleg med fisk, me løfta 5 tarpon, men fekk ingen av dei. Sjølv løfta eg 2 men gjorde feil og gjorde tilslag, noko som er absolutt utilgiveleg på tarponfiske. Det eg fekk i dag var ein cero mackrel og ein flott 10lb, jack crevalle, så ingen vassfis trass alt☺
På veg til lagunen gjennom Canal Suáres |
![]() |
Ove med ein jack trevally |
![]() |
Asle fiskar etter tarpon, ein av desse vakar i bakkant |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar