Viser innlegg med etiketten Fugl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fugl. Vis alle innlegg

onsdag 1. mai 2013

Orre på leikmyra

Har ikkje vore mykje innlegg her dei siste månadene men no held vi på å teste eit nytt viltkamer og har sett dette opp på ei myr vi meinte det skulle vera orreleik på. Etter fleire dagar med testing byrja kamera å sende bilete i dag. Greit å teste ut kamera før det blir sett ut i skogen for å ta bilete av hjorten. Dette bilete vart teke på ca 1,5 m, sjølve bilete har dårleg oppløysing då dette er eit MMS bilete, vi har derimot høgkvalitet på kortet i kamera.