Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

torsdag 24. desember 2009

På Veslejulaftan er det servering av hjortegyte/hjortesuppe


Det er veldig kjekt å vere på hjortejakt men også kjekt å lage til mat av det gode kjøtet. Eit av dei måltida me har gjennom året, og som har blitt tradisjon, er at eg lagar hjortegryte på Vestlejulaftan. På denne kvelden kjem nokre av Ina sine venner for å ete med oss, veldig kjekt. Det kan variere frå år til år kven det passar for, og som er heime til jul, men Stian er der alltid :-) Dessverre så blei dette bilete teke på eit tidspunkt der Birgit ikkje sat ved bordet, men her er resten av årets "deltakarar", unnateke fotografen som var Stian.