mandag 16. september 2019

Det blei ei kolle som vart andre dyret mitt i år.

Så blei det eit dyr i kveld og. For to dagar sidan så kom antakeleg dette dyret 10 minutt for seint i høve skytelys, så den kvelden var det berre å pakke saman og dra heim. I kveld såg eg kolla relativt tidleg oppe i Beitabakken før ho så forsvant i skogen men i min retning. Så då klokka av 20:20 kom ho ut av skogen og dermed vart det eit nytt hjortefall i Daurmåla





tirsdag 3. september 2019

Knallstart på hjortejakta i 2019

Planen for første dagen var at Ove skulle reise inn i bua i Daurmåla om kvelden før jakta starta medan Asle og Tormod skulle kome inn kl 05:00 for så å gå fram i dalen for å sjå om det var dyr der. Ove fekk kontakt med Asle og Tormod då dei kom inn om morgonen, men då var det framleis for mørkt til å sjå om det var dyr der. Asle og Tormod sjekka framme i dalen og medan dei gjorde dette kom det gåande tre dyr vinkelrett på Ove. Kolle, kalv og fjordyr. Ove skaut fjordyret som datt rett ned. Tormod og Asle kom no ned att for å hjelpe Ove. Etter at dyret var prekevert vart det heim igjen. Om ettermiddagen vart det ny tur til Supphelledalen. Vi såg eit lite dyr eit godt stykke oppe i lia mellom Daurmåla og Merkjeshammaren, dette ville Tormod prøve seg på. Asle gjekk fram til Brehaugane for å setje seg der. Tormod klarte ikkje å sjå dyret oppe i lia då det hadde lagt seg ned i ei grop så Tormod spurte om ikkje Ove kunne hjelpe til med kikringa og gi beskjed om når dyret reiste seg og byrja å gå. Ove, som sat eit godt stykke unna og som hadde mykje betre oversyn over lia enn Tormod, såg at dyret etter ei tid reiste seg og byrja å bevege seg, Ove gav straks melding til Tormod og no såg Tormod dyret og demed smalt det og Tormod hadde fått seg ein einsleg ok kalv. Ikkje lenge etterpå kom Asle innpå og meldte at han hadde skote kolle og kalv.  Denne dagen var vi tre mann på jakt og alle fekk dyr, noko som ikkje er kvardagskost for oss. Kjempestart på sesongen!

Ove med fjorkolla

Tormod med kalven

Asle med kolle og kalv
Så var det å få dyra ned att då.



søndag 18. august 2019

Gåsesjakta på Barekstad 2019

Då blei det ein ny gåsejakttur, denne gangen igjen på Barekstad der vi også var for 2 år sidan. Vi installerte oss også i Vikatunet, På Vikatunet er alt du treng for å ha eit godt opphald, eit rikhaldigt kjøken og godt med plass i stova. Vi kom opp torsdagskvelden, tok med ei gong ei runde for å sjå om vi såg gås, ikkje ei einaste å sjå. Fredagen såg vi heller ikkje ei einaste gås men på laurdag nærmast krydde det av gås og vi fekk fleire, Søndagsmorgonen prøvde vi på nytt, etter ei god stund kom det masse gås men av ulike årsaker vart det ikkje skote nokon den dagen.
Ventar på gåsa
Tormod speidar etter gåseflokkar


Og gås vart det 

Ove slaktar gåsa

Fois gras av villgås. utruleg godt!

Havørna kom på besøk og.

mandag 12. februar 2018

Fiske på Guadeloupe



Årets vinterfisketur gjekk til Guadeloupe i Karibien. Godt og varmt er det her, sjølvom vi rett som det er får ei kort regnbye. Vinden ser ut til å setje sine begrensingar på fisket, dette då bølgene har blitt så pass store at det ikkje er tilrådelig å reise så langt frå land. Kaptein klagar og på temperaturen i havet, han meiner det er for kaldt til å få godt fiske, det er "berre" 26 grader medan det burde ha vore 28-29 grader. Uansett så blir det litt fiske i kystnæreområder. Asle har så langt fått opp baraccuda og black trevally.
Snart framme på Guadeloupe
Like ved der vi har båten vår

På veg til fiske ved Rivière des Pères

På jakt etter tarpon
Det er lov å prøve seg på flugefiske og


Asle med black trevally



fredag 17. februar 2017

I dag er dagen komen for eting av heilgrilla spegris i Guavate

I helgane er det vanleg at mange innbyggerar frå San Juan og dei andre byane rundt om tek turen til Guavate i fylket Cayay, dette for å høyre på live salsamusikk, danse litt og å ete godt. Anthony Bourdain frå programmet "No Reservation" og Andrew Zimmerman frå "Bizzare Foods" som blir sendt bla. på Travel Channel, har laga program herifrå, spesialiteten til dette området er heilgrilling av spe- og smågriser (lechon), desse programma hadde Ove sett og han ville gjerne at karane skulle ta seg ein tur dit og dermed blei det slik i dag. Desse, såkalla lechoneras ligg på rad og rekke langs ei gate inne i regnskogen der det er lite eller ingenting anna enn desse utandørsrestaurantane. Vi brukte Uber for å kome oss dit, noko som var veldig greitt. Sjåføren reiste heim etter å ha sett oss av, han sa det berre var å ringe å bestille bil frå Uber når vi skulle heimatt. Dette skulle viser seg å ikkje halde stikk, vi fekk store problem med å kome oss tilbake til San Juan, men det ordna seg til slutt.

Vi var noko skeptisk då kokken tok i brukte ein svær machete for å dele opp spegrisen, men kokken hadde utruleg presisjon på macheten og hadde alle fingrar i behald etterpå. Maten var nydeleg med heilt crispy skinn , likna igrunn litt på ribbesmak men kanskje ei aning søtare, til dette fekk vi servert mofongo, noko som er ein puertorikansk nasjonalrett, dette er laga av plantain, dvs. matbananer tilsett diverse anna, vidare fekk vi meir tilbehør som vi ikkje har peiling på kva var.

Her ein litt større gris som blir roasta

Enkle forhold på restauranten, men maten er like god for det

Då er maten fortært. Skulle vi kanskje hatt noko leskande? Tja kanskje det ;)

torsdag 16. februar 2017

Vi prøver tarponfiske på nytt

På tysdag hadde vi første dagen vi fiska etter tarpon, vi fekk ingen tarpon då på trass av at vi såg mengder av store og små tarponar som velta/rulla seg i overflata. Derfor ny frisk i dag!

Og ja, i dag skulle det lukkast, Tormod og Ove fekk kvar sin tarpon, ikkje av dei størst men små var dei heller ikkje. Dette var første gangen Ove fekk ein tarpon medan Tormod har fiska etter desse og fått større på ein tidlegare tur på Cuba. Asle og Ove hadde tenkt dei skulle slå rekorden til Tormod, det gjekk ikkje denne gangen, men berre vent, vi skal nok ta rekorden hass til slutt :)

Ove med sin førte tarpon

Tormod med fin tarpon, sjølv om det for han ikkje var nokon rekordfisk

onsdag 15. februar 2017

Deepsea fishing i dag

I dag var tida komen for å ta ein havfisketur. Like utanfor øya, ca 3-400 meter frå kysten blir det brått veldig djupt og her på kanten var det vi fiska. Det var ikkje det store bitet, men Asle fekk seg ein Atlantic Sailfish. Tidlegare har vi fått Pacific Sailfisk men no altså også ein Atlantic. Outfitterane våre var særs dyktige men er det lite fisk å få så er det lite fisk å få, thats fishing :)
Asle med segelfisken sin. Denne var så vill at kapteinen ombord torde ikkje  å ta den opp i båten då han var redd fisken kunne skade både seg sjølv og oss.

På begge sider av innseglinga til havna i San Jose låg det festningar, dette er den eine av dei, kalla San Felipe del Morro