lørdag 25. april 2009

Siste hjorteteljinga for i år.


Då er årets siste teljing gjennomført. Me hadde forventa at me skulle få ny rekord i talet på observerte dyr, men slik blei det ikkje. Omtrent alle marker var nygylla noko hjorten ikkje set så alt for stor pris på. Det me såg denne gangen var at det var veldig mykje bukkar på markene, så sjølv om kanskje 200 koller/kalvar hadde reist så blei ikkje talet på hjort tilsvarande redusert i og med at det no var mykje meir bukkar på plassane. Totalt såg me i natt 393 dyr medan me for ei veke sidan såg 508.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar