søndag 10. januar 2010

Søndagstur forbi Svartahol


Tormod, Gaizo og eg tok ein liten tur opp og forbi Svartahol på Kaupanger i dag. Tydleg at ikkje alle dyra vart skotne sist jakt, me traff på ein relativ stor flokk, totalt så var det ca 45 dyr, kun koller og kalvar. Dette er ikkje noko unormalt, snarare tvert om, berre unntaksvis ser me bukk midt på dagen. Bilete er teke på 100 meters hald med mobilcamera så kvaliteten er det no så som så med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar