torsdag 26. februar 2015

Curacao og Bonair

Willemstad


I år blei det bestemt at vi skulle ta turen til dei Nederlandske Antiller like utanfor kysten av Venezuela, nærare bestemt til Curaçao og Bonair. I forhold til dei plassane vi har fiska i Stillehavet så var fisket dårlegare her, men noko fisk fekk vi. Vi budde i Willemstad på Curaçao men var og på Bonair og prøvde oss etter bonefish og permit. Vi såg mengder av bonefish som taila i salinaene men det ville seg ikkje. I havet rundt Klein Curaçao, fekk vi nokre rainbowrunners, barracuda og nokre bonitos, vi hadde ein mahi mahi på men det gjekk rett opp i lufta og slo seg av.

På sjølve Curaçao og Bonair var det triveleg å vera, bra mat og god drikke. Fascinerande var det og å sjå avslutninga av karnevalet samt bygningsmassen måla i alle mulege pastellfargar. 



Johnny med babybarracuda

Johnny på bonefish spotting
Tormod på søken etter bone
Ove ved slavehyttene på Bonair
Er ein på Curaçao så må ein prøve
 ein ekte blå 
Curaçao
På skikkeleg gamal bar

Ove med ein rainbowrunner

Utsikten frå Sorobon på Bonair

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar