søndag 2. august 2009

Sisimiut


Me kom til Sisimut den 22. juli. Været var ikkje av det beste då me kom dit, dette gjorde at me vart ventande ein del timar i byen (som har 5600 innbyggarar) før bølgene minka og me kunne reise sørover med båten til Tore Sivertsen. Byen var velordna, det som kanskje slo oss mest var dei sterke fargane dei hadde nytta på husa; mange var knallblå eller raude. Om samfunnet Sisimiut kan seiast at mange av dei som bur der arbeider hjå Royal Artic, det er eit fiskemottak som eksporterer uhorvelege mengder med reker til Europa og Austen. Elles har dei eit rekeanlegg som reinskar reker for nedlegging på boksar. Vidare har dei ein såkalla Efterskole der. Av butikkar finns det 3 relativt store kolonialbutikkar men sjølvsagt også ein del andre typar. Det er dyrt å leve der, ein KW straum kostar omlag DKK 3,-, noko som tilsvarar NOK 3,60. Vatnet må hushalda betale kr 25 pr kubik for. Me spurde kvifor vatnet var så dyrt og til det fekk me forklara at å legge vassleidningar i bakken blei meiningslaust avdi det der var permafrost. Dermed måtte dei legge vassleidningane over bakkenivå, men der ville det også fryse så difor måtte dei ha varmekablar på alle vassleidningar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar