Viser innlegg med etiketten Grønland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Grønland. Vis alle innlegg

mandag 3. august 2009

Nokre bilete frå Grønlandsopphaldet




Legg inn eit par tre bilete frå turen. Bileta er eit lite utval av dei fiskane me fekk. Du vil sjå meg med ein hanne og ei hoe, vidare er det bilete av Tormod med ei hoe. Desse tre fiskane blei alle tekne på tørt, dvs. aktivt stripande. Eg hadde i utgangspunktet også med meg ei haspelstang, men denne blei knekt under køyring av ei sjørøye. Dermed vart det berre flugefiske på meg og dei siste dagane.

Landskapsbilete er frå ei lita bygd som heiter Itilleq, denne bygda har 123 innbyggarar og folket livnærer seg utelukkande av jakt og fiske. Denne bygda låg rimeleg langt frå allfarsveg. Einaste måten for å kome dit var med passbåt og køyre i nærare to timar.

Me hadde besøk av fjellrev i campen omtrent kvar kveld, så difor må sjølvsagt det vera med eit bilete av den og. Me fora den med fersk røye om kvelden, noko han ikkje såg ut til å ha så mykje i mot. Det var 3 forskjellige revar innom leiren vår men berre denne som det er bilete av kom att kvar kveld og morgon.

Me har mange fleire bilete, eit utval av desse er langt ut på heimesidene mine:
www.bottolfsen.net

søndag 2. august 2009

Sisimiut


Me kom til Sisimut den 22. juli. Været var ikkje av det beste då me kom dit, dette gjorde at me vart ventande ein del timar i byen (som har 5600 innbyggarar) før bølgene minka og me kunne reise sørover med båten til Tore Sivertsen. Byen var velordna, det som kanskje slo oss mest var dei sterke fargane dei hadde nytta på husa; mange var knallblå eller raude. Om samfunnet Sisimiut kan seiast at mange av dei som bur der arbeider hjå Royal Artic, det er eit fiskemottak som eksporterer uhorvelege mengder med reker til Europa og Austen. Elles har dei eit rekeanlegg som reinskar reker for nedlegging på boksar. Vidare har dei ein såkalla Efterskole der. Av butikkar finns det 3 relativt store kolonialbutikkar men sjølvsagt også ein del andre typar. Det er dyrt å leve der, ein KW straum kostar omlag DKK 3,-, noko som tilsvarar NOK 3,60. Vatnet må hushalda betale kr 25 pr kubik for. Me spurde kvifor vatnet var så dyrt og til det fekk me forklara at å legge vassleidningar i bakken blei meiningslaust avdi det der var permafrost. Dermed måtte dei legge vassleidningane over bakkenivå, men der ville det også fryse så difor måtte dei ha varmekablar på alle vassleidningar.

torsdag 30. juli 2009

Erfalik



Me kom til elva Erfalik onsdag om kvelden. Tormod starta fisket straks medan eg la meg tidleg (var noko sliten etter å ha bore ein relativ tung ryggsekk i ein lang transportetappe) Her eit bilete av ein av dei første sjørøyene me fekk. Som de ser så er denne røya raud i buken, det betyr at det er ein hanne.

onsdag 22. juli 2009

Kangerlussuaq



Då har me landa på hovedflyplassen og er snart klare til å reise vidare til Sisimiut om ein times tid. Flott sommarvær då me ankom Kangerlussuaq, kan tenkje meg ein ca 24 grader, ikkje akkurat slike temperaturar me trudde me skulle få då me kom til Grønland

fredag 17. april 2009

Fiske på Grønland


Då er turen i boks! Me reiser den 21. juli frå Oslo til København, dagen etter er det å passere 5 tidssoner før me landar i Sisimiut på vestkysten av Grønland. Same dagen blir det å kome seg ut til elvane.

Me skal fiske i 7 dagar, håpar og å få til reinsdyrsjakt. Hadde jo vore godt å få noko kjøt i løpet av veka og og ikkje berre røye, sjølv om det er fisken over alle fiskar!

Me skal overnatte i Sismiut før me reiser tilbake til København, der det blir ei ny overnatting. Heimatt kjem me den 31. juli.

Dette trur eg kan blir ei oppleving av dei skjeldne for meg.