
Asle ser ikkje ut til å gi seg med elgskyting. I dag datt det ein bra elgokse for han. Det var visst ikkje den beste posten han hadde i dag men det gjekk veldig greit likevel. Først kom det ei ku med kalv, desse fekk passere då dei ikkje hadde løyve til desse dyra. Først 5 - 10 minuttar etter kua og kalven hadde passert kom oksen gåande. Det skulle han nok ikkje ha gjort men han gjorde det likevel og dermed var oksen til Asle i boks :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar