fredag 2. oktober 2009

Nyestolen i Storali 1. oktober

Så vart omsider været nokonlunne bra, jaktlysta kribla og eg fann ut at eg ville ta meg ein tur på Berge. Reiste ut i halv 5- tida torsdag ettermiddag og kom opp til stolen omtrent kl halv 6. Hadde ikke vore lenge i stolen før eg høyrde ein bukk som brøla høgt oppe i lia. No var det å prøve å brøle sjølv for å sjå om bukken kom nærare. Etter ein form for brøl av meg så høyrde eg at bukken svarte og nærma seg. Eg "brøla" ei gong til og no brøla bukken berre noko over 100 meter frå stolen. Etter nokre sekundar tykte eg at eg såg noko som rørte seg ein ca 100 meter frå der eg sat. Etter endå nokre sekundar vart bukken viseleg men framleis kunne eg ikkje løyse skot då det var for mykje bas i vegen. Nokre sekundar seinare kom bukken klar av buskene og viste breisida til meg, dermed gjekk skotet. Men bukken ville ikkje legge seg med ei gong så difor vart det eit raskt oppfyljingsskot og bukken velta rundt og kom rusjande ein 30- 40 meter nedover mot meg og la seg til ro ca 25 meter frå stolen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar