Viser innlegg med etiketten Hjort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hjort. Vis alle innlegg

mandag 16. september 2019

Det blei ei kolle som vart andre dyret mitt i år.

Så blei det eit dyr i kveld og. For to dagar sidan så kom antakeleg dette dyret 10 minutt for seint i høve skytelys, så den kvelden var det berre å pakke saman og dra heim. I kveld såg eg kolla relativt tidleg oppe i Beitabakken før ho så forsvant i skogen men i min retning. Så då klokka av 20:20 kom ho ut av skogen og dermed vart det eit nytt hjortefall i Daurmåla





lørdag 26. november 2016

Morlaus kalv innom Berge

Då vi kom til Bjåstad i dag på laurdag såg vi dyr i Bjåstadlia, men då vinden var veldig vekslande og været var meldt betre i morgon fann vi ut at vi i staden for å prøve oss på desse skulle køyre over på Homrane for å sjå om vi kunne finne dyr lenger innover mot Fjærland. Som sagt så gjort, vi køyrde alle tre til Homrane. Ove meinte han kunne sjå nokre dyr innom Berge, eit einsleg dyr på ein stad, bukk meinte han, og tre andre noko lenger ut mot Berge. Då var det å køyre bort att til Berge der Ove slapp Tormod og Asle av. Asle gjekk over tunnelltaket medan Tormod gjekk inn i granskogen under Berge og Ove returnerte til Homrane. Det var ikkje dei enklaste kikreforhalda, men Ove kunne av og til sjå Tormod og slik kunne han meir eller mindre dirigere han innover slik at han kom seg innom "bukken". Tormod tok seg så opp i terrenget, dette medan Ove såg han nærma seg dyret. Nærare og nærare vart det, til slutt sa Ove at går du nærare dyret no så kjem du til å trakke på det. Tormod var max 2 meter frå dyret då det reiste seg og dermed gjekk skotet. Bukken som Ove meinte det var, skulle vise seg å vere ein ok einsleg hokalv. Etter å ha felt denne gjekk Tormod mot dei tre andre dyra Ove hadde sett, best som det var stod han midt blant dei. Det var nok ikkje dyr men derimot nokre trestubbar som på så langt hald til forveksling kunne likne på tre liggande dyr. Vel då var tida komen til å få Junior ned frå tunnelltaket og innover slik at han kunne ta hand om kalven og få den til Berge ☺
Tormod med bukken som vart kalv☺

fredag 11. november 2016

Måneskinnsbukk i Daurmåla

Tormod og Ove ville i dag ta seg ei jaktnatt i måneskinnet. Tormod skulle plassere seg i Daurmåla medan Ove skulle plassere seg i Vetleløa. Ikkje lenge etter at karane var komne på plass såg Tormod eit fjordyr, dette fekk passere. Ei god stund seinare kom det kolle, kalv og bukk hjå Tormod, men desse dyra vår det uråd å få has på. No dukka det og opp ein bukk hjå Ove, men den stoppa og starta å beita omlag 280 meter frå han, her blei han gåande, det næraste denne kom var 208 meter, dermed heilt uaktuelt å prøve på denne. Så medan Ove håpa at bukken skulle kome i hass retning så smalt det borte hjå Tormod og dermed var bukken i boks. Dyret ein 9-taggar, var ikkje av dei største sjølv om han var i godt hald etter brunsten, men eit fint dyr var det.
Ein litt liten men ok 9 taggar, eller ulik 10 som enkelte kallar ein slik 

søndag 16. oktober 2016

Kalv eller fjorkolle på Kløyvingane på Bjåstad?


Asle gjekk først på sin faste post på Kløvinga, medan Tormod venta og høyrde på ein bukk som bura i Storali. Dreiv på heile dagen. Vart vanleg jag opp Bjåstad-lia via Kyraskor og opp på Kløvinga. Forholdsvis liten aktivitet, og ingenting kom opp. Så vart det postering på Tormod medan Asle gjekk ein runde høgt og nedatt om Merkesgrovi. Prøvde seg med litt buring og fekk straks svar nedi lia. Fekk løyst to dyr der det eine sprang innover lågt, det andre for opp. Det synte seg at ho hadde stoppa i skogkanten og Asle løyste ho på nytt rett mot posten. Det vart siste turen. Felt på 60-70 meter. Mykje vind, men fin temp
Tormod med kalven, årets første dyr på Bjåstad



Og Asle må som vanleg slite etter at dyret er fellt :)











lørdag 17. september 2016

Kolle og kalvefall opp mot Hovden på Berge

I dag skulle karane ta det vi kalla sjøjaget, det går ut på at to mann startar heilt nede ved sjøen under Berge og prøver å løyse dyr der, planen er så vidare at dyra då skal springe i retning Fjærland for så å ta seg opp mot Hovden. Eit stykke over tunnelltaket posterar så ein mann. Vidare blir ein mann sendt i bil over på andre sida for å kikre og fortelje kvar eventuelle dyr tek vegen. Dette gjorde vi i dag og og alt gjekk etter planen, noko som aldeles ikkje alltid skjer. Ove var kikrar medan Tormod og Asle  jaga og Trygve posterte. Jagarane var ikkje for vel komne i gang då Ove oppdaga at nokre dyr sprang innover. Ove gav beskjed om dyra og så var det for Trygve å vente for å sjå om dyra kom til han. Eit kvarter etter at Ove såg dyra smalt det først eit skot hjå Trygve og ei lita stund etter eit til. Dermed hadde Trygve fått kolle og kalv. Ein særdeles vellukka jaktdag!
Trygve med dagens fall

Junior tek det som trening 

Her kjem Tormod kjem tuslande med kalven

mandag 12. september 2016

Andre hjorten i denne sesongen og Ove sin første

Det blei ein tur inn i Supphelledalen åleine på Ove i kveld. Klokka 19:40 såg han eit dyr som beita ein ca 140 meter frå der han sat. Ove skaut, kolla bråsnudde og forsvann inn i skogen. Ove gjekk nokre få meter inn i baset men han innsåg snart at her trengte han hjelp for å finne dyret. Han ringte difor ettersøkslaget og fekk dei til å sende inn ein ettersøksekvipasje, desse kom inn i dalen litt over 21, dei starta så søket inn i skogen og etter å ha gått ca 20 meter frå skotplassen fann bikkja kolla. Fjorkolla hadde lagt seg under ei rotvelte som låg i ein 45° vinkel, der basis var mot der ho hadde sprunge inn, noko som gjorde at det omtrent var umuleg å finne ho utan hund, ho låg faktisk der Ove hadde gitt seg å leite. Legg ved eit bilete som viser korleis ho låg under rotvelta
Ove og kolla etter at han var ferdig med utvomminga av dyret

Her skal det visst ligge ein hjort

fredag 2. september 2016

Spissbukk ved Vetleløa

Første dagen på jakt var resultatlaus, så gutta ville prøve på nytt den andre jaktdagen og no gjekk det betre. Då vi kom inn i Supphelledalen såg vi eit einsleg dyr gå nede på bøen. Asle hoppa ut, gjekk inn i Vetleløa, lada opp og dyret gjekk der fortsatt. Nokre sekundar seinare hadde vi fått sesongens første dyr. Denne spissbukken var av det større slaget, er ei stund sidan vi har fått ein såpass stor spissbukk.
Årets første dyr var det Asle som fekk, ikkje heilt uvanleg det :)

mandag 23. november 2015

Så blei det bukk ved Vesleløa i haust og :)

Omtrent fullmåne, då er det ikkje feil å prøve nattjakt. Ivarfabro var heime og ville og prøve å jakte, så då blei det til at Ove posterte i Vetleløa medan Ivar posterte i Daurmåla.  Karane gjekk på post i 21-tida og venta. Været veksla mellom tildels mykje snøing med påfylgjande dårleg sikt, og lite snøing og god sikt. Klokka var nær halv 12 då Ove såg eit dyr kome ned frå Haugen og over vegen, og då dyret akkurat kom inn på marka så skaut han. Dyret sprang ein vel 60 meter før det la seg ned. Etter dette var det å få tak i Pekka med traktor og så vomme ut dyret før det blei heimreis. Ivarfabro såg diverre ikkje eit einaste dyr i Daurmåla denne kvelden/natta. Kun eit dyr blei sett og det blei skote, så ein kan ikkje seie det er mykje dyr for tida i Supphelledalen.
På det nederste bilete ser du same bukken ca 1 km frå der Ove skaut han. Ikkje tvil om at det er same bukken.
Dette blir då eit "Etter skotet" bilete

Og dette eit "Før skotet" bilete

lørdag 21. november 2015

To fjorkoller nesten oppå Hovden

Trygve, Tormod og Ove reiste på jakt kl 10 i dag, dei hadde ikkje heilt bestemt for kor dei skulle jakte men valet stod mellom Bjåstad og Berge. Først blei Bjåstadlia kikra, her såg dei kolle og kalv men bestemte seg likevel for å jakte Hovdali på Berge, noko som skulle vise seg å vera eit godt val.

Tormod gjekk opp til Endrefjellet medan Trygve posterte omtrent oppå Hovden, då dei var på plass starta Ove jaget over tunnelinnslaget på Bergstunnellen. Det var fritt for far opp til og med dei øverste granane, Ove sa då på radioen til dei andre at han ville ta seg innover eit lite stykke mot Fjærland og etter 10 minuttar såg han kolle og kalv ca 140-150 over seg, desse gjekk i retning mot Trygve, Ove gav då melding til Trygve om dyra og at han måtte vera obs på dei. Etter nye 10 minuttar gjekk det to skot, Ove trudde då at kolla og kalven datt men så var ikkje tilfelle, det hadde kome 5-6 dyr rett mot Trygve, ein stor bukk, tre kolledyr og ein kalv. Trygve fekk summa seg og skaut to fjorkoller medan kolla, kalven og bukken forsvann rett nedover mot Heimastødl. I mellomtida hadde Tormod gått ned til granane ved Midtstødl, dette då han ikkje kunne sjå eit einaste far oppe på Endrefjellet grunna mykje snø. I utgangspunktet var planen at Trygve og Ove, etter at Ove hadde kome fram til Trygve, skulle jage Hovdali, men med to dyr å ta seg av vart dette avlyst. Dette vart ein knalldag og ei glimrande avskyting :)

Under Hovden sit ein nøgd Trygve med to fjorkoller 

lørdag 7. november 2015

Stor spissbukk på Endrefjellet

Tormod, Trygve og Asle hadde i dag med seg gjestejeger Sverre. Ove var ikkje med og er pr. dato ikkje informert om kven av folket som posterte og kven som jaga Hovdali, men at Sverre fekk tildelt godposten til Asle og at han skaut sin første hjort, det er det ikkje tvil om. Jaget var omtrent avslutta då hjorten kom luntande og datt gjorde den, så gratulasjonar til Sverre med hjort nr. 1! Det vart heilt sikkert teke bileta av hendinga men dette har ikkje "webansvarleg" fått i hende endå, men det vil nok med tid og stunder kome. Det vil og kome meir opplysningar om sjølve jakta når infoflyten har nådd Dalavegen 7 :)

torsdag 29. oktober 2015

Måneskinnsbukken i Daurmåla

Tormod og Ove kom seint inn denne kvelden då dei begge hadde vore på eit møte, men vel inne køyrde Ove Tormod bort til bua i Daurmåla medan Ove installerte seg i Vetleløa. Det gjekk ikkje så lang tid før Tormod såg ein bukk kome heimover mot seg, bukken gjekk langs skogkanten så Tormod prøvde å brøle forsiktig til han for å få han ut på bøen men bukken responderte ikkje på dette og forsvann vidare heimover. Ei stund etterpå såg Ove eit dyr, enten ein spissbukk eller ei fjorkolle, som kom nedover langs skogkanten ved elvabråtet til Tverrdøla i retning mot elva. Denne var det uråd for Ove å prøve seg på så han gav melding til Tormod om at det kanskje kunne kome eit lite dyr til han om ei stund, men dette dyret skulle aldri Tormod sjå noko til. Så klokka 1/2 2 såg Tormod at det kom nok ein bukk heimover mot han, også denne gjekk heilt inne mot skogkanten. Tormod prøvde seg med eit forsiktig brøl på denne bukken og, bukken stoppa eit øyeblikk men fortsette så berre vidare heimover. Tormod prøvde då med eit nytt brøl, bukken stoppa på nytt eit øyeblikk men fortsette deretter vidare heimover. Då dyret var komen omtrent til nabogrensa prøvde Tormod for tredje gang å brøle på han og no stoppa han, snudde og kom framover og i retning mot Tormod og dermed datt bukken på 74 meter.



Tormod med måneskinnsbukk frå Daurmåla 


søndag 18. oktober 2015

Bukken på Endrefjellet

Heile jaktlaget samla i dag og. På grunn av klatringa på Bjåstad på laurdag hadde ikkje Ove lyst til å jage denne dagen, han fekk difor, saman med Tormod, tildelt postplassar på Endrefjellet. Det var avtala at Ove skulle sitje i starten av platået medan Tormod skulle sitje noko lengre inne og opp mot Skredfjellet. Asle skulle jage høgt frå Hovden og framover, medan Trygve skulle jage midtlies. Asle løyste ein bukk oppe på Hovden, denne sprang rett ned men han meinte at den sprang framover og gav difor beskjed til dei som posta at det kunne kome ein bukk mot dei. Etter ein time såg Ove i sidesynet at det kom ein bukk mot han. Ove venta til bukken var rett framfor han før han skaut, bukken gjorde nokre dansesteg før han kasta seg rundt og havna i myra med eine geviret tredd godt ned i myra, dermed var første bukken vår for i år felt.

lørdag 17. oktober 2015

Kalv nr 2 i år datt på Klovningane



Heile jaktlaget stilte denne dagen. Asle skulle gå opp på Klovningahaugen på Bjåstad, Tormod skulle postere ved overspranget ved fossen medan Trygve skulle setje seg på overspranget over granane, Ove skulle, som vanleg på Bjåstad, jage lia opp til Asle. Etter godt ein time var Asle på plass, han sa over radioen at han berre skulle skifte klær så var han klar, etter 5 minuttar sa han at Ove kunne starte. Ove hadde gådd 60 meter då det smalt oppe hjå Asle og ein kalv var resultatet. Måten han såg ei kolle og ein kalv på må skrivast litt om.  Då Asle var klar så skulle han nett sjekke riflekikkerten, han tok opp rifla og såg gjennom kikkerten og der ser han to dyr på veg mot han, desse dyra såg han først då! Han skaut kalven men såg ikkje om han la seg då det var ein liten haug mellom han og kalven, Asle måtte difor åle seg fram på haugen for å sjå om kalven låg der, det gjorde den, der stod og kolla, men kolla og Asle såg kvarandre i same sekund og vekk var kolla, Asle rakk knapt å løfte rifla.

tirsdag 22. september 2015

Første dyret i år blei ein kalv i Daurmåla

Asle og Ove reiste inn til Supphelledalen i 16 tida. Randi hadde sett eit dyr noko framom svåa i retning Beitabakken. Etter at vi sjølve fekk auge på dyret og byrja å planlegge jakta, dukka det plutseleg opp eit dyr til. Ove gjekk då til steinen under Beitabakken medan Asle gjekk opp i trekanten i Daurmåla og posterte der. Dyra trakk først framover for så å byrje å trekke heimover etter ei tid. Dyra kom ut ved svåa og beita seg heimover i retning Asle. Då var det å vente og til slutt kom kalven framom kolla og Asle fekk felt kalven, kolla sprang diverre framover og borte var ho.

Asle med kalven vel heimkomen i garasjen

torsdag 18. juni 2015

Jobbing for å få brufundamentet på plass att

Etter flaumen i vinter forsvant deler av brua på Bjåstad dessutan forskauv sjølve jernkonstruksjonen seg. Ikkje nokon enkel jobb å få den opp att men ved hjelp av taljer og diverse forsøk klarte vi å få konstruksjonen på plass att.

lørdag 13. desember 2014

To spissbukkar på Berge/Bjåstad blei dei siste i 2014 sesongen.

Alle fire på jakt i dag, dermed kunne ein av oss få oppgåva med å kikre, denne fekk Ove tildelt. Trygve og Tormod gjekk opp over tunnelen på Berge/Bjåstad medan Asle (med hund) gjekk utover fjorden frå Bjåstad. Planen var at Asle skulle løyse dyr mot Trygve og Tormod, men slik skulle det ikkje gå. Då Trygve var komen på plass og Tormod gjekk opp i granane såg Ove plutseleg ein stor bukk i full fart i retning Asle, sist Ove såg denne forsvant han inn i granane rett over Bjåstad. Ei lita stund etter kom det kolle og kalv luntande frå Trygve eller Tormod, desse forsvant også i retning Bjåstad. Då kom Tormod innpå og sa at me nok skulle ha valt ein anna strategi i dag og at han no ikkje visste kva han skulle gjera. Ikkje før hadde han sagt dette så såg Ove eit dyr i same høgd som Tormod, Tormod gjekk mot dyret og så smalt det. Ove sa at no skaut Trygve eit dyr men me fortset. "Det var meg", sa Tormod, og så spurte han: "Ligg dyret?". "Nei", svarte Ove, "Det står fortsatt og ser i di retning". "Då får eg gi det eit til", sa han og så smalt det på nytt. "Ligg det no?", spurte Tormod. "Nei, det står fortsatt og no ser det mot meg" sa Ove. Då kom Trygve innpå og sa: "Det må vera to forskjellige dyr". Dermed blei det stilt frå Tormod, etter ei stund ser Ove at Tormod nærmar seg dyret han såg og så smalt det på nytt, og NO datt dyret Ove hadde sett på og dermed hadde Tormod også fått dyr i år, ikkje berre eit men to spissbukkar.

To spissbukkar på Tormod i dag
Epilog: trur dette er første gangen ein av jaktlaget har skote på eit daudt dyr, noko Tormod gjorde då han sende avgarde 2. skotet på første dyret som allereie låg daudt og som han då berre såg halsen på :-)

søndag 23. november 2014

Bukkefall på Berge

Etter å ha prøvd oss på Bjåstad både på onsdag og laurdag denne veka utan resultat, var turen komen for å prøve seg på Berge att. Denne gangen hadde vi og med oss ein tysk jakterrier. Trygve og Ove posterte i stien opp mot Hovden medan Asle skulle sleppe hunden nede ved granane like over riksvegen. Då Trygve og Ove var komne på plass sleppte Asle hunden. Det skulle berre ta nokre få minuttar for bikkja hadde hjort i nasen og etter omlag eit kvarter smalt det oppe hjå Trygve og ein fin bukk datt og vi hadde fått det åttande dyret denne sesongen. Omsider skulle det lukkast å felle eit dyr att, på høg tid, då det no var over ein månad sidan vi felte det forrige.

Trygve med Hovdalibukken

lørdag 11. oktober 2014

Kløyvingahaugen

Tormod posterte ved overspranget over fossen mot Fjellstødl medan Asle gjekk opp på Kløvingahaugen. Ove fekk som vanleg oppgåva med å prøve å få fram dyr til desse som posta. Ove starta nede på Bjåstad gjekk opp via Kyraskåri og vidare opp og framover mot Fjellstødl. Tormod fekk spissbukk på seg, berre 4-5 meter frå der han sat, men spissbukk hadde vi ikkje løyve på så den fekk gjekk, dvs. gjekk gjorde ikkje bukken, han hivde seg rundt og hoppa resolutt ut i elva og for over på andre sida att. Ette dette gjekk det ei stund og så kom Asle innpå og sa at no hadde han fått besøk av spissbukken. Ove fortsette og fekk opp fleire dyr til Asle, eit par av desse hadde han ikkje sjanse på, men så kom det nok ein spissbukk og ei ungkolle, Asle let spissbukken passere og fekk plassert eit skot i ungkolla og dermed hadde vi fått årets første dyr på Bjåstad.

tirsdag 7. oktober 2014

Vetleløebukken til Asle

Fullmåne og Ove ville prøve seg i Daurmåla, det kom dyr men vinden var langt frå den beste, dette gjorde at dyra ikkje ville utpå bøen. Ove innsåg dette og sendte denne melding til Asle kl 02:57, her er den: "Veit du søv men sender likevel. No har eg i 2 1/2 time hatt 7, dyr, derav 1 bukk, på 120 m. Dei må ha brukt superlim på hovane, beitar på same jævla plassen heile tida. Eg har sikta og sikta på dei, likevis om det er koller eller bukken eg har sikta på. Det går berre ikkje, dei går ikkje utpå i det heile. Reknar med at bukken skal opp att ved Vetleløa. Eg kan ikkje flytte meg for då reiser dei. Eg blir sitjande for ikkje å øydelegge sjansen for deg i Vetle. Trur du skal ta turen inn!" Kl 06:05 skreiv Asle at han var på veg, kl 06:38 var han på plass i Vetleløa og kl 07:10 hadde han skote bukken. Dermed gjekk det akkurat slik som Ove håpa, Asle skulle eigentleg på tidlegjakt på Bjåstad men heldigvis kom han inn i Supphelledalen i staden
Asle med bukken sin

søndag 14. september 2014

Spissbukken frå Skredfjellet på Berge

Heile jaktlaget skulle prøve seg på Berge i dag. Trygve og Tormod gjekk opp på Endrefjellet for å poste, medan Asle og Ove skulle jage framover mot postane. Asle gjekk opp på Hovden og prøvde å kome seg framover i ei høgd hundre meter under toppen på Skredfjellet, Ove gjekk opp mot fjellfoten og framover. Varmt var det og sveitten rann! Plutseleg smalt det frå rifla til Asle, han hadde kome fram til ei lita opning i baset og der stod det ei kolle 30 meter frå han, Asle stivna og kolla og Asle granska kvarandre i ca 1 minutt før kolla fann ut at Asle ikkje kunne vera nokon trussel så ho tusla vidare framom og forsvant bak dei neste buskene. At Asle  ikkje skaut kolla skuldast at han  trudde ho kunne ha kalv, kalv kom det ikkje men like etter att kolla hadde forsvunne stod det plutseleg ein spissbukk der og dermed hadde vi fått oss ein spissbukk til.
Asle og spissbukken frå Skredfjellet

Morgontåka hylla inn Fjærlandsfjorden i dag

Der den raude prikken er, fall spissbukken.