Så blei det eit dyr i kveld og. For to dagar sidan så kom antakeleg dette dyret 10 minutt for seint i høve skytelys, så den kvelden var det berre å pakke saman og dra heim. I kveld såg eg kolla relativt tidleg oppe i Beitabakken før ho så forsvant i skogen men i min retning. Så då klokka av 20:20 kom ho ut av skogen og dermed vart det eit nytt hjortefall i Daurmåla
På denne bloggen vil du finne innlegg om forskjellige fiske- og friluftslivturar eg har vore med på, vidare vil du finne ein god del innlegg frå hjortejakta til jaktlaget eg er med i.
Viser innlegg med etiketten hjortejakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjortejakt. Vis alle innlegg
mandag 16. september 2019
lørdag 26. november 2016
Morlaus kalv innom Berge
Då vi kom til Bjåstad i dag på laurdag såg vi dyr i Bjåstadlia, men då vinden var veldig vekslande og været var meldt betre i morgon fann vi ut at vi i staden for å prøve oss på desse skulle køyre over på Homrane for å sjå om vi kunne finne dyr lenger innover mot Fjærland. Som sagt så gjort, vi køyrde alle tre til Homrane. Ove meinte han kunne sjå nokre dyr innom Berge, eit einsleg dyr på ein stad, bukk meinte han, og tre andre noko lenger ut mot Berge. Då var det å køyre bort att til Berge der Ove slapp Tormod og Asle av. Asle gjekk over tunnelltaket medan Tormod gjekk inn i granskogen under Berge og Ove returnerte til Homrane. Det var ikkje dei enklaste kikreforhalda, men Ove kunne av og til sjå Tormod og slik kunne han meir eller mindre dirigere han innover slik at han kom seg innom "bukken". Tormod tok seg så opp i terrenget, dette medan Ove såg han nærma seg dyret. Nærare og nærare vart det, til slutt sa Ove at går du nærare dyret no så kjem du til å trakke på det. Tormod var max 2 meter frå dyret då det reiste seg og dermed gjekk skotet. Bukken som Ove meinte det var, skulle vise seg å vere ein ok einsleg hokalv. Etter å ha felt denne gjekk Tormod mot dei tre andre dyra Ove hadde sett, best som det var stod han midt blant dei. Det var nok ikkje dyr men derimot nokre trestubbar som på så langt hald til forveksling kunne likne på tre liggande dyr. Vel då var tida komen til å få Junior ned frå tunnelltaket og innover slik at han kunne ta hand om kalven og få den til Berge ☺
| Tormod med bukken som vart kalv☺ |
Etiketter:
cervus elaphus,
deerhunting,
Hjort,
hjortejakt,
huntinginnorway,
mountainhunting
fredag 11. november 2016
Måneskinnsbukk i Daurmåla
Tormod og Ove ville i dag ta seg ei jaktnatt i måneskinnet. Tormod skulle plassere seg i Daurmåla medan Ove skulle plassere seg i Vetleløa. Ikkje lenge etter at karane var komne på plass såg Tormod eit fjordyr, dette fekk passere. Ei god stund seinare kom det kolle, kalv og bukk hjå Tormod, men desse dyra vår det uråd å få has på. No dukka det og opp ein bukk hjå Ove, men den stoppa og starta å beita omlag 280 meter frå han, her blei han gåande, det næraste denne kom var 208 meter, dermed heilt uaktuelt å prøve på denne. Så medan Ove håpa at bukken skulle kome i hass retning så smalt det borte hjå Tormod og dermed var bukken i boks. Dyret ein 9-taggar, var ikkje av dei største sjølv om han var i godt hald etter brunsten, men eit fint dyr var det.
| Ein litt liten men ok 9 taggar, eller ulik 10 som enkelte kallar ein slik |
søndag 16. oktober 2016
Kalv eller fjorkolle på Kløyvingane på Bjåstad?
Asle gjekk først på sin faste post på Kløvinga, medan Tormod venta og høyrde på ein bukk som bura i Storali. Dreiv på heile dagen. Vart vanleg jag opp Bjåstad-lia via Kyraskor og opp på Kløvinga. Forholdsvis liten aktivitet, og ingenting kom opp. Så vart det postering på Tormod medan Asle gjekk ein runde høgt og nedatt om Merkesgrovi. Prøvde seg med litt buring og fekk straks svar nedi lia. Fekk løyst to dyr der det eine sprang innover lågt, det andre for opp. Det synte seg at ho hadde stoppa i skogkanten og Asle løyste ho på nytt rett mot posten. Det vart siste turen. Felt på 60-70 meter. Mykje vind, men fin temp
| Tormod med kalven, årets første dyr på Bjåstad |
| Og Asle må som vanleg slite etter at dyret er fellt :) |
lørdag 17. september 2016
Kolle og kalvefall opp mot Hovden på Berge
I dag skulle karane ta det vi kalla sjøjaget, det går ut på at to mann startar heilt nede ved sjøen under Berge og prøver å løyse dyr der, planen er så vidare at dyra då skal springe i retning Fjærland for så å ta seg opp mot Hovden. Eit stykke over tunnelltaket posterar så ein mann. Vidare blir ein mann sendt i bil over på andre sida for å kikre og fortelje kvar eventuelle dyr tek vegen. Dette gjorde vi i dag og og alt gjekk etter planen, noko som aldeles ikkje alltid skjer. Ove var kikrar medan Tormod og Asle jaga og Trygve posterte. Jagarane var ikkje for vel komne i gang då Ove oppdaga at nokre dyr sprang innover. Ove gav beskjed om dyra og så var det for Trygve å vente for å sjå om dyra kom til han. Eit kvarter etter at Ove såg dyra smalt det først eit skot hjå Trygve og ei lita stund etter eit til. Dermed hadde Trygve fått kolle og kalv. Ein særdeles vellukka jaktdag!
| Trygve med dagens fall |
| Junior tek det som trening |
| Her kjem Tormod kjem tuslande med kalven |
mandag 12. september 2016
Andre hjorten i denne sesongen og Ove sin første
Det blei ein tur inn i Supphelledalen åleine på Ove i kveld. Klokka 19:40 såg han eit dyr som beita ein ca 140 meter frå der han sat. Ove skaut, kolla bråsnudde og forsvann inn i skogen. Ove gjekk nokre få meter inn i baset men han innsåg snart at her trengte han hjelp for å finne dyret. Han ringte difor ettersøkslaget og fekk dei til å sende inn ein ettersøksekvipasje, desse kom inn i dalen litt over 21, dei starta så søket inn i skogen og etter å ha gått ca 20 meter frå skotplassen fann bikkja kolla. Fjorkolla hadde lagt seg under ei rotvelte som låg i ein 45° vinkel, der basis var mot der ho hadde sprunge inn, noko som gjorde at det omtrent var umuleg å finne ho utan hund, ho låg faktisk der Ove hadde gitt seg å leite. Legg ved eit bilete som viser korleis ho låg under rotvelta
| Ove og kolla etter at han var ferdig med utvomminga av dyret |
| Her skal det visst ligge ein hjort |
fredag 2. september 2016
Spissbukk ved Vetleløa
Første dagen på jakt var resultatlaus, så gutta ville prøve på nytt den andre jaktdagen og no gjekk det betre. Då vi kom inn i Supphelledalen såg vi eit einsleg dyr gå nede på bøen. Asle hoppa ut, gjekk inn i Vetleløa, lada opp og dyret gjekk der fortsatt. Nokre sekundar seinare hadde vi fått sesongens første dyr. Denne spissbukken var av det større slaget, er ei stund sidan vi har fått ein såpass stor spissbukk.
| Årets første dyr var det Asle som fekk, ikkje heilt uvanleg det :) |
mandag 23. november 2015
Så blei det bukk ved Vesleløa i haust og :)
Omtrent fullmåne, då er det ikkje feil å prøve nattjakt. Ivarfabro var heime og ville og prøve å jakte, så då blei det til at Ove posterte i Vetleløa medan Ivar posterte i Daurmåla. Karane gjekk på post i 21-tida og venta. Været veksla mellom tildels mykje snøing med påfylgjande dårleg sikt, og lite snøing og god sikt. Klokka var nær halv 12 då Ove såg eit dyr kome ned frå Haugen og over vegen, og då dyret akkurat kom inn på marka så skaut han. Dyret sprang ein vel 60 meter før det la seg ned. Etter dette var det å få tak i Pekka med traktor og så vomme ut dyret før det blei heimreis. Ivarfabro såg diverre ikkje eit einaste dyr i Daurmåla denne kvelden/natta. Kun eit dyr blei sett og det blei skote, så ein kan ikkje seie det er mykje dyr for tida i Supphelledalen.
På det nederste bilete ser du same bukken ca 1 km frå der Ove skaut han. Ikkje tvil om at det er same bukken.
På det nederste bilete ser du same bukken ca 1 km frå der Ove skaut han. Ikkje tvil om at det er same bukken.
| Dette blir då eit "Etter skotet" bilete |
| Og dette eit "Før skotet" bilete |
lørdag 21. november 2015
To fjorkoller nesten oppå Hovden
Trygve, Tormod og Ove reiste på jakt kl 10 i dag, dei hadde ikkje heilt bestemt for kor dei skulle jakte men valet stod mellom Bjåstad og Berge. Først blei Bjåstadlia kikra, her såg dei kolle og kalv men bestemte seg likevel for å jakte Hovdali på Berge, noko som skulle vise seg å vera eit godt val.
Tormod gjekk opp til Endrefjellet medan Trygve posterte omtrent oppå Hovden, då dei var på plass starta Ove jaget over tunnelinnslaget på Bergstunnellen. Det var fritt for far opp til og med dei øverste granane, Ove sa då på radioen til dei andre at han ville ta seg innover eit lite stykke mot Fjærland og etter 10 minuttar såg han kolle og kalv ca 140-150 over seg, desse gjekk i retning mot Trygve, Ove gav då melding til Trygve om dyra og at han måtte vera obs på dei. Etter nye 10 minuttar gjekk det to skot, Ove trudde då at kolla og kalven datt men så var ikkje tilfelle, det hadde kome 5-6 dyr rett mot Trygve, ein stor bukk, tre kolledyr og ein kalv. Trygve fekk summa seg og skaut to fjorkoller medan kolla, kalven og bukken forsvann rett nedover mot Heimastødl. I mellomtida hadde Tormod gått ned til granane ved Midtstødl, dette då han ikkje kunne sjå eit einaste far oppe på Endrefjellet grunna mykje snø. I utgangspunktet var planen at Trygve og Ove, etter at Ove hadde kome fram til Trygve, skulle jage Hovdali, men med to dyr å ta seg av vart dette avlyst. Dette vart ein knalldag og ei glimrande avskyting :)
| Under Hovden sit ein nøgd Trygve med to fjorkoller |
Abonner på:
Innlegg (Atom)
