Det blei ein tur inn i Supphelledalen åleine på Ove i kveld. Klokka 19:40 såg han eit dyr som beita ein ca 140 meter frå der han sat. Ove skaut, kolla bråsnudde og forsvann inn i skogen. Ove gjekk nokre få meter inn i baset men han innsåg snart at her trengte han hjelp for å finne dyret. Han ringte difor ettersøkslaget og fekk dei til å sende inn ein ettersøksekvipasje, desse kom inn i dalen litt over 21, dei starta så søket inn i skogen og etter å ha gått ca 20 meter frå skotplassen fann bikkja kolla. Fjorkolla hadde lagt seg under ei rotvelte som låg i ein 45° vinkel, der basis var mot der ho hadde sprunge inn, noko som gjorde at det omtrent var umuleg å finne ho utan hund, ho låg faktisk der Ove hadde gitt seg å leite. Legg ved eit bilete som viser korleis ho låg under rotvelta
 |
Ove og kolla etter at han var ferdig med utvomminga av dyret |
 |
Her skal det visst ligge ein hjort |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar