
Etter å ha baksa med spissbukken i nokre timar står det "berre" att å få den over elva. Dette er ikkje like enkelt kvar gong. Elva var temmeleg strid denne dagen, faktisk så forsvant hjorten ei stund for så å dukke opp att i ei bakevje litt lengre nede, men flagglina til Pekka gjorde susen så hjorten kom til slutt til lands på motsatt side. Så var det å få hjorten i hus, til det blei det nytta ein båthengar, kanskje heller ikkje det eit heilt normalt transportmiddel for eit hjorteslakt, men det er rart kva som går berre ein er løysingsorientert og har fantasi nok. På sett og vis skulle det jo berre mangle at ein nytta båthengar og ikkje ein vanleg hengar til hjorten, han vart jo sjøsett og dregen opp ;-)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar