tirsdag 21. september 2010

Så var det Asle sin tur til å få bukk


Dei siste dagane har det vore nokre dyr ikkje så langt frå dyrka mark hjå Ingvard. 3 av jaktlaget tok turen inn for å så om dei kunne få seg eit dyr. Asle posterte i Nyebua, Ove i tårnet og Trygve framme i Daurmåla. Etter ei tid fekk Ove auge på eit einsleg dyr oppe i Almerinden, Ove gav Asle melding om dette og etter 20 - 25 min. så gjekk skotet og Asle hadde fått bukken. Då Ingvard var ferdig med fjøsen kom han med traktor og fekk hjorten til tuns slik at me fekk slakta, etter at det var ferdig køyrde me godt nøgde heim att