onsdag 23. februar 2011

Black Marlin fiske på Isla de Coiba, Panama februar 2011

Så var det klart for marlin fiske. Første dagen hadde vi kontakt med black marlin tre fire ganger og Sail ei gong men det vart med det. Andre dagen på Hannibal Bank vart det full klaff :-) Vi hadde knapt fiska ein time då vi fekk på ein stor marlin. Vi visste at det var kraftige saker vi fiska etter men at det skulle vere så utfordrande (les anstrengande) å få fisken inn til båtsida, hadde vi ikkje den minste peiling på! Fisken fekk vi på kl 10 og først kl 15 hadde vi den inne til båtsida. Då viste GPS loggen at vi hadde hatt ei reise på 15 km frå der vi fekk den på. Heldigvis så var vi tre mann som delte på å holde på med fisken, ellers hadde det ikkje gått. Vi var, for å seie det mildt, heilt utkøyrde alle tre då vi endeleg fekk fisken inn til båtsida. Fisken hadde ei vekt på +700lb. og var den største som var teken der siste året. Den største marlin denne sesongen, før vi fekk vår, hadde ei vekt på 600lb., men det finns nok endå større marlin der og :-)