Sjefen blant saltvatnskrokodillane på Isla Coiba hadde fått tildelt namn; Tito. Rundt øyane der ute levde det oppmot 100 krokodillar av typen crocodylus acutus. Vi fekk tidleg beskjed om at det ikkje var nødvendig å bade på den sida av øyane der desse held seg. Me merka oss dette og bada ikkje på den sida! Vi hadde to agnfiskar tilovers ein dag og desse fekk Tito, det såg ut som om han tykte det var greit å få fisken servert.
Det kan sjå ut som om eg er veldig nær krokodillen, men slik er det nok ikkje, eg var minst 4-5 meter frå han :-)