søndag 25. september 2011

Fjorkolle oppe i Ali

Tormod og Ove reiste frå Sogndal kl 07:45 i dag tidleg. Planen var å kikre litt for å sjå om dei kunne sjå dyr å jakte på. Etter å ha kikra nede hjå Ingvard og ikkje sett noko, ville dei fram til Breen. På vegen fram såg dei kolle og kalv i bakkehallet ved Fremsteteigen, desse forsvant til skogs før dei hadde fått parkert og gjort seg klare. Framme ved Brevatnet kikra dei framover i dalen, høgt opp og heime i Hesjebakkane såg dei ein bra bukk. Det blei ikkje prøvd på denne då dei bestemt seg for heller å ville prøve seg i Ali.

Tormod gjekk opp og på plass så byrja Ove jaget. Tidleg såg Ove eit ferskt far som han følgde etter, det kunne sjå ut som om dyret held slik passeleg avstand til Ove heile tida. Då Ove var omtrent oppkomen til Tormod og skulle til å avbryte jaget så smalt det. Dyret, ei flott fjorkolle, kom rett på Tormod og dyr nr. 5 denne sesongen var ein realitet.




1 kommentar: