Ikkje lenge etter at Asle hadde meldt frå om kolla så smalt det på ny. No var det Tormod som skaut bukk ved Sigurdløa. Bukken, ein sekstaggar, kom ned bakkehallet etter kolle og kalv. Kolla og kalven har me sett nokre gonger og har freda desse inntil vidare, dette for å lokke bukk dit og no lukkast det. I kveld var bukken komen og den datt tvert. Dermed var dyr nr 2 i boks denne onsdag ettermiddagen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar