I kveld (torsdag 3.11) var det meldt flott vær så Ivarfabro og Ove ville prøve seg på måneskinnsjakt. Ove gjekk ned til Vetleløa, men kom litt for seint på plass då det allereie hadde passert dyr der, Ivarfabro posterte i Sigurdløa. Kl 21:25 høyrde Ove eit skot og 20 minuttar etter kom Ivarfabro med bilen og sa han hadde skote ein spissbukk. Rart dette, men me har ikkje sett ein einaste spissbukk før i jakta og så kom Ivarfabro og i løpet av nokre få dagar har han skote to!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar