Dagen starta med at Tormod. Trygve, Asle og Ove ville prøve seg på Ali. Tormod og Trygve posterte medan Asle og Ove skulle jaga lia. Ingen dyr kom til postane så dermed fann karane ut at dei skulle prøve seg på Åreskrea. Denne gangen skulle Ove og Trygve postere medan Tormod og Asle skulle jage. Etter ei stund sa Asle over VHF'en at han bestemt meinte han høyrde noko som rasla over han. Asle gjekk i retning av lyden og der fann han ei lege som fortsatt var varm. Ikkje lenge etterpå gjekk det to raske skot og Tormod hadde skote spissbukken. Den prøvde å unnsleppe ved å springe opp og heimover medan dei som posterte var frammom skrea. Dermed var vi ferdige med våre dyr i Suppehella for i år, 5 veker tidlegare enn i fjor.
På denne bloggen vil du finne innlegg om forskjellige fiske- og friluftslivturar eg har vore med på, vidare vil du finne ein god del innlegg frå hjortejakta til jaktlaget eg er med i.
lørdag 12. november 2011
Spissbukk i Åreskrea
Dagen starta med at Tormod. Trygve, Asle og Ove ville prøve seg på Ali. Tormod og Trygve posterte medan Asle og Ove skulle jaga lia. Ingen dyr kom til postane så dermed fann karane ut at dei skulle prøve seg på Åreskrea. Denne gangen skulle Ove og Trygve postere medan Tormod og Asle skulle jage. Etter ei stund sa Asle over VHF'en at han bestemt meinte han høyrde noko som rasla over han. Asle gjekk i retning av lyden og der fann han ei lege som fortsatt var varm. Ikkje lenge etterpå gjekk det to raske skot og Tormod hadde skote spissbukken. Den prøvde å unnsleppe ved å springe opp og heimover medan dei som posterte var frammom skrea. Dermed var vi ferdige med våre dyr i Suppehella for i år, 5 veker tidlegare enn i fjor.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar