Vi gjekk ut som vanleg kl 07:00, klokka 08:45 var vi komne ut til fiskefeltet. Det starta roleg og først kl 10:45 fekk vi første fisken, Asle starta med ein catch på sail, på ca 100 lb. Neste fisken var det Ove som fekk, denne var ca 80 lb., den neste vi fekk opp vart Asle sin nr 2 for dagen, denne vog og ca 100 lb., desse tre fiskane fekk vi i løpet av ein halv time. Etter dette vart det ein lengre pause utan fisk før Tormod fekk ein på 110 lb. Til slutt fekk Ove ein på 140 lb., dette blei og turens største.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar