onsdag 22. februar 2012

Sailfish første dagen til havs




Me gjekk ut med båten kl 07:30, båten hadde knapt gått 2 mil før den tok kvelden. Me vart liggande å vente på ny båt, dette tok ikkje så lang tid, deretter gjekk me vidare utover i Stillehavet. Etter å ha fiska i kun 5 minuttar fekk me på ein blue marlin. Asle held på med fisken i ca 15 min før den var klar til å takast ombord. Plutseleg, då fisken var klar for å takast opp, rauk sena og fisken var tapt. Det skulle vise seg at dette ikkje blei den første fisken me mista pga råta sene, seinare kom me og til å miste 2 sailfish av same grunnen. På trass av elendig fiskesener og ein idiot av ein hjelpesmann, fekk me opp to sailfish, Ove fekk hol på byllen og drog opp den første medan Tormod fekk den andre, Junior fekk ikkje godkjent fangs i dag men har lova å kome sterkare att ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar