lørdag 1. desember 2012

Den store revejakten

Kjelkatjuven
Den 30. november, natta til 1. desember ville Ove på ny prøve seg på måneskinnsjakt etter hjorten. Ove reiste inn i Supphella veldig tidleg, dette gjorde han for å vera sikker på å kome i god tid før eventuelle hjortar kom ned frå Engjåsvåi og områda deromkring. Tidleg var han, men likevel var det ein hjort som stod å beita då han kom inn. Kva skulle Ove no gjera? Jau han køyrde fram til Randi og Ingebrigt for å klage sin nød over hjorten som alt var komen ned frå fjellet, samtidig som han håpa at hjorten då ville ha trekt ned og inn i skogen når han kom ut att frå dei. Diverre for Ove så stod hjorten framleis å beita han då Ove gjekk ut at frå huset i fremste Supphella. Ove måtte få vekk hjorten før han gjekk inn i Vetleløa så difor lyste han på den, men hjorten var ikkje vidare redd lys så det tok si tid før han gjekk opp på elvabråten til Tverrelva. Dermed kunne endeleg Ove gå inn på plassen sin. Hjort såg han derimot lite til resten av natta, men litt før klokka halv ti kom det ein rev på besøk, noko den nok ikkje burde ha gjort, no fekk hjort vera hjort og reven fekk sitt endelikt. Ove sendte melding til Asle og Tormod over WhatApp der han sa han hadde skote rev. Asle meinte umiddelbart at skotpremien burde gå inn i jaktkassa medan Tormod meir var interessert i å få tilsendt bilete av reven. Bilete fekk dei men hjort kom det aldri til Ove denne kvelden, men det blei no eit dyr om enn ikkje av den typen han var ute etter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar