 |
Bukken i baset etter Dagmar |
 |
Skyttar og bukken |
På laurdag var Tormod og Ove inne i Supphelledalen,
ut frå spora i nysnøen fann dei ut at det måtte stå dyr ein eller
anna plass i Daurmåls-, Beitabakk området, men pga det kalde været
valde dei å utsetje jakta til søndag, dette også for då kunne Asle
vera med. Karane kom inn ca 10 på søndag og gjekk innom til Randi,
ho fortalte at ho hadde sett ein bukk omtrent akkurat der Tormod og
Ove meinte det måtte vera dyr dagen før. Dermed blei det til eit
tradisjonelt opplegg for jakta, Tormod gjekk til plassen sin, Asle
posterte ved Geitasteinane og Ove skulle jage frå marka i Daurmåla
og framover. Det var beita på marka så Ove var temmeleg sikker på at
det måtte vera fleire dyr der, men det kom ikkje noko dyr ut av
skogen på flatane, så dermed gjekk/krabba han opp Beitabakken. Etter
kvart såg Randi at Ove kom oppover mot hamralaget, men fortsatt låg
bukken. Først då Ove var omlag 20-30 meter frå han røyste han seg
opp og for opp til hamralaget og framover mot Tormod, dette
rapporterte Randi om, sjølv såg jegerane ikkje noko av dette. Det
gjekk no ei lita tid, så gjekk det eit skot og bukken ramla 50 meter
nedover fjellsida og havna inn i noko bas som Dagmar hadde ordna
til. Det skulle ta si tid å få han ut av dette men det gjekk til
slutt. Asle kom no opp og tok bukken åleine nedover skrea, gjekk bra
fort det, og så var det å få dyret over elva, noko som også gjekk
fint.
 |
Bukken i elva |
 |
Snart på land |
|
 |
Asle tek tak |
 |
Bukken er på land |
Tormod held på å få seg ein skikkeleg seilas i
dag då han i det brattaste trakka på eit isstrek, men han fekk
akkurat tak i ei grein før han ville ha forsvunne nedover ein 150
meter, ikkje heilt farefritt å jakte i dette bratte terrenget.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar