lørdag 7. september 2013

Sesongens første hjort

Å ja, det blei tidleg opp i dag, me reiste frå Sogndal kl 06 og var komne til Supphelledalen 40 minuttar seinare. Tormod gjekk då frå Heimastødl og til Beitabakken for å postere, medan Asle og Ove skulle vente til han var på plass. Før han kom dit han skulle oppdaga Asle og Ove eit fjordyr og ein bukk høgt oppe i Daurmåla. Tormod ville difor smyge seg mot desse dyra men det ikkje Tormod, Asle og Ove visste var at det var endå fleire dyr der og dermed gjekk det som det gjekk, dyra forsvant opp mot hamralaga og vekk var dei. Det var berre å gi seg på desse og prøve på noko anna. No vart det Ali over Neset. Tormod gjekk opp i dei øverste granane medan Asle og Ove skulle prøve å løyse eventuelle dyr mot Tormod. Etter ei relativ kort tid løyste Ove nokre dyr, det eine av desse sprang i retning Asle og Asle skaut ei gjellkolle på 10 meters hald. Så blei jakta likevel vellukka trass ein dårleg start på dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar