På onsdag såg Randi og Ove ein bukk oppe i Drepande, Ove prøvde seg på bukken men det skulle ikkje lukkast då bukken låg og sov, dette samt at det var umuleg å nærme seg den då stormen Dagmar hadde lagt ned alvorlege mengder trær lengre nede i terrenget. Ove prøvde difor kollelyd, bukkebrøl samt å skrike til den men den låg like godt så han måtte berre gi seg på den. To dagar etter var Ivarfabro på plass og Ove ville vise Ivarfabro kor bukken hadde lege to dagar før, og der låg bukken på same plassen! No ville dei gjere eit nytt forsøk på å få bukken og denne gangen vakna den og reiste seg opp og dermed smalt det. Bukken, ein 6-taggar, var ikkje av dei største, kun 60 kg, men betre med ein på denne tyngda enn ingen bukk :) Ove kom seg opp til bukken og fekk vomma ut men før dei kunne få den ned måtte Ivarfabro nytte motorsag for å rydde ein sti som vi kunne ta bukken ned i. Dette tok litt tid men det gjekk. Karane ringte no Ingvard som så kom køyrande opp elva med traktoren og fekk bukken opp på gafflane og frakta den ned på Neset der dyret vart skinna.
På denne bloggen vil du finne innlegg om forskjellige fiske- og friluftslivturar eg har vore med på, vidare vil du finne ein god del innlegg frå hjortejakta til jaktlaget eg er med i.
fredag 8. november 2013
Bukken i Drepandeskrea
På onsdag såg Randi og Ove ein bukk oppe i Drepande, Ove prøvde seg på bukken men det skulle ikkje lukkast då bukken låg og sov, dette samt at det var umuleg å nærme seg den då stormen Dagmar hadde lagt ned alvorlege mengder trær lengre nede i terrenget. Ove prøvde difor kollelyd, bukkebrøl samt å skrike til den men den låg like godt så han måtte berre gi seg på den. To dagar etter var Ivarfabro på plass og Ove ville vise Ivarfabro kor bukken hadde lege to dagar før, og der låg bukken på same plassen! No ville dei gjere eit nytt forsøk på å få bukken og denne gangen vakna den og reiste seg opp og dermed smalt det. Bukken, ein 6-taggar, var ikkje av dei største, kun 60 kg, men betre med ein på denne tyngda enn ingen bukk :) Ove kom seg opp til bukken og fekk vomma ut men før dei kunne få den ned måtte Ivarfabro nytte motorsag for å rydde ein sti som vi kunne ta bukken ned i. Dette tok litt tid men det gjekk. Karane ringte no Ingvard som så kom køyrande opp elva med traktoren og fekk bukken opp på gafflane og frakta den ned på Neset der dyret vart skinna.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar