fredag 17. februar 2017

I dag er dagen komen for eting av heilgrilla spegris i Guavate

I helgane er det vanleg at mange innbyggerar frå San Juan og dei andre byane rundt om tek turen til Guavate i fylket Cayay, dette for å høyre på live salsamusikk, danse litt og å ete godt. Anthony Bourdain frå programmet "No Reservation" og Andrew Zimmerman frå "Bizzare Foods" som blir sendt bla. på Travel Channel, har laga program herifrå, spesialiteten til dette området er heilgrilling av spe- og smågriser (lechon), desse programma hadde Ove sett og han ville gjerne at karane skulle ta seg ein tur dit og dermed blei det slik i dag. Desse, såkalla lechoneras ligg på rad og rekke langs ei gate inne i regnskogen der det er lite eller ingenting anna enn desse utandørsrestaurantane. Vi brukte Uber for å kome oss dit, noko som var veldig greitt. Sjåføren reiste heim etter å ha sett oss av, han sa det berre var å ringe å bestille bil frå Uber når vi skulle heimatt. Dette skulle viser seg å ikkje halde stikk, vi fekk store problem med å kome oss tilbake til San Juan, men det ordna seg til slutt.

Vi var noko skeptisk då kokken tok i brukte ein svær machete for å dele opp spegrisen, men kokken hadde utruleg presisjon på macheten og hadde alle fingrar i behald etterpå. Maten var nydeleg med heilt crispy skinn , likna igrunn litt på ribbesmak men kanskje ei aning søtare, til dette fekk vi servert mofongo, noko som er ein puertorikansk nasjonalrett, dette er laga av plantain, dvs. matbananer tilsett diverse anna, vidare fekk vi meir tilbehør som vi ikkje har peiling på kva var.

Her ein litt større gris som blir roasta

Enkle forhold på restauranten, men maten er like god for det

Då er maten fortært. Skulle vi kanskje hatt noko leskande? Tja kanskje det ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar