Årets vinterfisketur gjekk til Guadeloupe i Karibien. Godt og varmt er det her, sjølvom vi rett som det er får ei kort regnbye. Vinden ser ut til å setje sine begrensingar på fisket, dette då bølgene har blitt så pass store at det ikkje er tilrådelig å reise så langt frå land. Kaptein klagar og på temperaturen i havet, han meiner det er for kaldt til å få godt fiske, det er "berre" 26 grader medan det burde ha vore 28-29 grader. Uansett så blir det litt fiske i kystnæreområder. Asle har så langt fått opp baraccuda og black trevally.
Snart framme på Guadeloupe |
![]() |
Like ved der vi har båten vår |
![]() |
På veg til fiske ved Rivière des Pères |
![]() |
På jakt etter tarpon |
![]() |
Det er lov å prøve seg på flugefiske og |
Asle med black trevally |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar