Viser innlegg med etiketten sjøfiske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjøfiske. Vis alle innlegg

mandag 12. februar 2018

Fiske på Guadeloupe



Årets vinterfisketur gjekk til Guadeloupe i Karibien. Godt og varmt er det her, sjølvom vi rett som det er får ei kort regnbye. Vinden ser ut til å setje sine begrensingar på fisket, dette då bølgene har blitt så pass store at det ikkje er tilrådelig å reise så langt frå land. Kaptein klagar og på temperaturen i havet, han meiner det er for kaldt til å få godt fiske, det er "berre" 26 grader medan det burde ha vore 28-29 grader. Uansett så blir det litt fiske i kystnæreområder. Asle har så langt fått opp baraccuda og black trevally.
Snart framme på Guadeloupe
Like ved der vi har båten vår

På veg til fiske ved Rivière des Pères

På jakt etter tarpon
Det er lov å prøve seg på flugefiske og


Asle med black trevally



søndag 22. mai 2016

Steinsund og Hardbakke

Vabbakadl skulle i år ha kysttur og turen vart bestem til å gå til Hardbakke i Solund, nærare bestemt til Steinsund Marinesenter.

Karane reiste på fredag via Førde og kom ut til Hardbakke ut på kveldinga. Første kvelden vart det kun avslapping og servering av ytrefilét, pepparsaus, ein variant av Hasselbackpoteter og grønsaker. Til dessert hadde vi Tormod sin spesialkaffi, ingrediensane til denne kjem frå Irland, Brasil og frå Tine. Den smakte som vanleg særs godt!

Laurdagsmorgon reiste seks mann på fiske medan Ove blei igjen for å prøve å fiske sjøaure eller oppdrettslaks. Båtfiskarane fekk meir enn nok fisk slik at Ole fekk nok fiskebitar til å lage sin eminente fiskesuppe. Ove klarte og å lure ein sjøaure på land. Middagen blei innteken på Solund Brygge. Solund Brygge ligg midt i Hardbakke og er vel verdt eit besøk.

Laurdagsettermiddag, etter lunchen, var det berre dei mest hardbarka sjøulkane som igjen tok seg ein fisketur, desse; Ole og Johnny, fekk bra med fiske då og.

Utsikten frå der vi budde

Nydeleg plass

Oles eminente fiskesuppe, karane ser litt betutta ut,
men det skuldast at dei har full skjerping på suppen :)

Utsikten mot nord