torsdag 25. februar 2016

Cabo San Lucas B.C.S Mexico

Gutta boys bestemte seg for at årets fisketur skulle gå til Cabo San Lucas i Mexico. Cabo ligg heilt på sørspissen av Baya California Sur. Ikkje visste vi at Cabo var eit turisteldorado på line med Cancún på atlanterhavssida. De var rikeleg med turistar frå USA og Canada der, men nordmenn og turistar frå andre europeiske land eksisterte ikke. Fisket kunne ha vore betre, ikkje for det, vi fekk mykje fisk men ikkje så mykje av dei vi var ute etter. Grunnen til dette skuldast i første rekke El Ninõ som hadde slått til for fullt, dermed hadde det varme vatnet forsvunne ut i Stillehavet og vorte erstatta av høvedsvis kaldt vatn, noko som resulterte i eit dårlegare fiske etter dei varmekjære artane vi i første rekke var ute etter. På trass av dette fekk Ove ein mahi-mahi☺️, ein type han hadde prøvd å få på kroken i fleire år, elles fekk vi ein del flotte yellowfin og ein god del sierra. desse to typane fekk vi alle tre. Yellowtalen var ein skikkeleg fighter. Elles fekk vi besøk av ei svær sjøløve ombord i båten. Dette er kanskje ikkje noko uvanleg besøk å få her, men for oss var det i høgste grad det! 

Ein av dagane køyrde sjåføren vår oss gjennom ørkenen til nabobyen i nord,  Todos de Santos, her var vi innom Hotel California og  baren Tequila Sunrise, ikkje heilt ukjente namn frå The Eagles, det blei ein heller lystig dag med tildleg inntak av Margaritas ☺️


Utsikt over Cabo San Lucas

Sjøløva som vi fekk ombord

Tormod utanfor Hotel California

Endeleg ein mahi-mahi 

Asle med flott yellowtail

Tormod med yellowtail














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar