lørdag 7. mai 2016

Novelandet på fiske

Etter nesten utidig press let også Ove seg overtale til å  ta turen til Novelandet, dermed var det tre stykker som reiste; Tormod, Asle og Ove.

Planen var å fiske laurdagsmorgon, laurdagsettermiddag og søndagsmorgon, slik blei det ikkje, på laurdagsmorgonen berre MÅTTE vi til Kalvåg for å kjøpe kaffi slik at Tormod kunne servere dessert laurdagskvelden. Vi reiste difor først ut på feltet midt på laurdagen, og fisk fekk vi til dei grader! Vi vog ikkje fangsten men tippar at den låg godt over 150 kg., noko som må vere veldig bra etter kun 3 timar effektivt fiske. Heile laurdagsettermiddag/kveld gjekk med til filétering, dermed vart det ikkje meir fiske den dagen. Middagen blei som fylgje av filéteringa ikkje klar før kl 12-1/2 1 om natta, middagen bestod då av mengder med panert lyr, steikt bacon, Hasselbackpoteter og rømmesaus. Blei litt seint den natta. Då søndagsmorgonen kom var det igjen å filétere, noko vi held på med til vi omtrent reiste heim.

Utsikten frå Bakkevik brygge

Omsider middag. Uklart bilete men det får så vere.

Vi fekk mange flotte fiskar; torsk, lyr og litt småsei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar