søndag 22. mai 2016

Steinsund og Hardbakke

Vabbakadl skulle i år ha kysttur og turen vart bestem til å gå til Hardbakke i Solund, nærare bestemt til Steinsund Marinesenter.

Karane reiste på fredag via Førde og kom ut til Hardbakke ut på kveldinga. Første kvelden vart det kun avslapping og servering av ytrefilét, pepparsaus, ein variant av Hasselbackpoteter og grønsaker. Til dessert hadde vi Tormod sin spesialkaffi, ingrediensane til denne kjem frå Irland, Brasil og frå Tine. Den smakte som vanleg særs godt!

Laurdagsmorgon reiste seks mann på fiske medan Ove blei igjen for å prøve å fiske sjøaure eller oppdrettslaks. Båtfiskarane fekk meir enn nok fisk slik at Ole fekk nok fiskebitar til å lage sin eminente fiskesuppe. Ove klarte og å lure ein sjøaure på land. Middagen blei innteken på Solund Brygge. Solund Brygge ligg midt i Hardbakke og er vel verdt eit besøk.

Laurdagsettermiddag, etter lunchen, var det berre dei mest hardbarka sjøulkane som igjen tok seg ein fisketur, desse; Ole og Johnny, fekk bra med fiske då og.

Utsikten frå der vi budde

Nydeleg plass

Oles eminente fiskesuppe, karane ser litt betutta ut,
men det skuldast at dei har full skjerping på suppen :)

Utsikten mot nord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar