onsdag 3. august 2016

Fiske på Sognefjellet med junior

Etter at fjorårsturen gjekk i vasken pga akillesproblem vart det bestemt at vi skulle prøve oss i år. Vi reiste frå Sogndal i 11-tida og parkerte bilen på Sognefjellet etter ein og ein halv times køyretur. Så var det å gå mot vatnet. Vi visste at det alltid har vore mykje steinurer i dette området så DET kom ikkje som noko sjokk men uansett om det er kjent eller ei så er dette ikkje noko turvenleg område. I år var det også fortsatt mykje snøfenner i fjellet men opp skulle vi. Vi hadde nok heller ikkje det beste været, temperaturen låg på ca 3 grader, i tillegg var det mykje skodde og regn. Vi kom omsider opp og starta å fiske. Junior fekk utruleg mykje flott fisk om kvelden medan Ove ikkje fekk landa nokon i det heile. Etter å ha steikt nokre aurar og laga potetmos på stormkjøkkenet, ville vi prøve å sove litt. Det gjekk slik passeleg, teltet var nok ikkje konstruert for to av vår kaliber, men vi fekk no sove ein 3-4 timar. Morgonen etter vakna vi til eit veldig flott vær og starta fiske igjen. No fekk også Ove fiske, rett nok ikkje mange, men fisk blei det på han og. Etter å ha fiska fram til ca 12, starta vi på turen ned att til bilen. Ein tek vel ikkje for hardt i om ein seier at Ove sleit ein del før vi kom ned att til bilen. Her nokre bilete frå turen:
Vatnet vi fiska mest i

Junior på veg heim
Flott størrelse

Ikkje noko å seie på kjøtfargen


Kokken lagar middag


Ikkje store plassen for to vaksne karar i dette teltet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar