søndag 14. august 2016

Gåsejakt på Hovden i Flora

Den årlege gåsejakta vart i år lagt til Barekstad og Hovdetræet på øya Hovden i Flora kommune. Vi fekk leige ei leilegheit hjå grendelaget og fekk jakte hjå fleire grunneigerar. Vi kom fram om kvelden på fredag og hadde då ei lita synfaring på Barekstadneset før vi tok kvelden. Laurdagsmorgonen stod vi opp kl 05:00 og starta å jakte ca kl 06. Den store fellinga blei det ikkje då den stasjonære gåsa hadde trekt på nordavinden for 14 dagar sidan, men gås fekk vi likevel. På laurdag felte vi to og på søndagsmorgonen felte vi ei. Utruleg kjekke og hjelpsame folk vi hadde med å gjere der ute. Stor takk til dei! Vi kjem meir enn gjerne igjen.
Utsikt over Barekstad

Desse, blant mange andre, flaug rett forbi.

Utsikt over deler av Barekstadneset

Ove med søndagsgåsa

Gås felt på Hovdetræet

Desse hadde overoppsynet med oss 

Jaktpause, ikkje noko dårleg utsikt dette

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar