onsdag 21. oktober 2009

Oter som kom opp på Vaothamrao


I dag skulle Ivarfabro og eg gå opp til Brehaugadn for å sjå til hjorten. Me vart einige om at Ivarfabro skulle gå fram i Holene, så skulle eg vente til han var på plass og deretter skulle eg gå opp på Brehaugadn for å prøve å løyse dyr mot Ivarfabro. Medan eg stod og venta ved Vaothamrao (brua over til Øyna) tykte eg at det kom ein halvdaud laks drivande nedover. Det var nok ingen laks, men tvert imot ein stor oter. Eg tok fram mobilen for å ta bilete av den, då eg skulle prøve det så kom oteren opp på brua, så der stod me, eg på eine sida og oteren på den andre sida. Artigt! Bilete vart ikkje bra men det blei som det blei.

Hjort såg me ikkje noko til denne ettermiddagen, men oter så langt oppe i Supphelledalen er heller ikkje så verst å få sjå :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar