Ja så reiste Tormod og eg grytidleg inn i Supphella. Tormod gjekk på lys opp til dei øverste granene i Ali. Ove venta til Tormod var på plass så gjekk Ove opp granene for å løyse dyr mot Tormod. Dette var teorien, det kom aldri noko dyr til Tormod og Ove gjekk difor nedatt og vidare over elva og bort i Øyane. Då han omtrent var komen fram tikka det inn ein SMS frå Pekka, i den stod det at det gjekk ein stor bukk ved Vetleløa og samtidig kom Randi innpå VHFen og sa at no gjekk det eit stort dyr på same plassen. Før Ove var komen fram dit hadde bukken trekt opp og inn i skogen.
Då Tormod hadde kome nedatt vart det fram til Randi og Ingebrigt til kaffi og eplekake, smaka godt det.
Etter kaffi vart det fram til Geitasteinane for å kikre i Breli. Me såg ikkje dyr så difor tok Ove seg ein tur opp til vatnet i Aoreskrea. Det såg ut til at Ove no hadde løyst dyr på vegen opp men han såg ingenting så difor tok han i staden desse bileta då han stod oppe i Aoreskrea.
På det øverste bilete ser ein utsynet frå Aoreskrea og heimover mot gardane fremst i Supphelledalen.
På bilete i midten ser ein brefallet til Supphellebreen
På det nederste bilete ser ein mot Brehaugadn og elles framover mot Strunka, Mikkelstødl og Myrhaug.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar