søndag 8. november 2009

Ny jakttur, blir det noko resultat?


Asle og Ove reiste frå Sogndal kl 06:00 i dag. Først posterte me begge ved innmarka ved Vetleløa. Ove sette seg inn i den medan Asle la seg heilt nederst på heimste bøen til Pekka. I går morgon kl 08:00 såg Ove ein spissbukk heilt nederst på marka og for eit par dagar sidan såg han ein stor bukk på same plassen. Asle ville difor sjå om det kom dyr der i dag og, og dersom dyra ville oppatt ved Vetleløa så ville Ove ha god sjanse på dei då han var der. Det kom diverre ikkje eit einaste dyr så difor vart jakta der avslutta og me reiste fram til Randi. Ho hadde baka kake til marknaden og den var god.

Etter dette vart det framover i dalen, Ove gjekk opp i framkanten av Hardbakkeskrea medan Asle gjekk til Brehaugane. Ikkje noko dyr å sjå der heller. Etter at Ove hadde gått ned att Buskrea vart det mat. Då maten var fortært gjekk Asle til Idlebakkadn og opp skrea. Då han var på plass gjekk Ove opp til Strunka og vidare mot Asle. I dette området var det knapt ferske far.

Vel nedattkomen frå Idlebakkane var det tid for heimreis. Det blei nærare 11 timars jakting i dag og ingen av oss såg eit einaste dyr.

Når det er sagt så var dagen, trass dette, ein av dei betre, flott terreng å gå i og behageleg temperatur til å vera omtrent midt i november.

På det øverste bilete ser ein heimover i dalen, du kan sjå husa i nedre Supphella og Øygarden og vidare sørover.

På det andre nederste bilete ser ein framover mot Styrkhamrane og ned til Store Granden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar