Værmeldingane framover meldte om varmegrader og regn. Snøen som låg på marka ville dermed snart forsvinne og eg fann ut at skulle det bli dyr i samband med fullmånen så var dette siste sjansen eg hadde for denne gang. Planen var at Asle og eg skulle reise inn i 4 tida om natta men Asle meldte avbud og eg reiste inn åleine. Ca kl 06 kom det ein flott bukk over Daurmåla men lyset var ikkje det beste og ikkje oppdaga eg han tidsnok heller så denne fekk gå. Ein halvtime seinare kom det ein ny bukk og no var tilhøva betre så eg skaut og bukken datt. Dermed så vart det bukk på denne fullmånen. Ikkje meir enn ein halvtime seinare kom regnet og sikten blei dårlegare, så det var i grevens tid den kom :-)
På denne bloggen vil du finne innlegg om forskjellige fiske- og friluftslivturar eg har vore med på, vidare vil du finne ein god del innlegg frå hjortejakta til jaktlaget eg er med i.
onsdag 27. oktober 2010
Daurmålsbukk