
I går blei bommen i Fjærland stengd etter 16 års drift. I dag var turen komen til å levere inn att dei billettane me ikkje hadde brukt av blokkene våre. Trygve, Tormod og Ove hadde med seg kvar sine restopplag av ubrukte billettar og desse blei levert til Øystein Sørensen. Litt rart at bommen ikkje er der lenger men noko stort sakn vil det nok ikkje bli for oss. At bommen no er saga blott vil gjera det enklare for oss å ta seg ein tur inn i Supphelledalen (sjølv om dette i grunnen ikkje har vore så vanskeleg før heller :-)