søndag 19. desember 2010

Årets siste dyr i Supphelledalen.


Asle, Tormod og Ove reiste seint inn i dag, dette grunna Fjørarevyen ;-) Men det er ikkje alltid ein treng så mykje tid. Me såg dyr med ei gong me kom inn så dermed visste me kva vi skulle prøve oss på. Tormod gjekk til topps under Klubben medan Ove gjekk opp i Ali og Asle starta nede ved Sommarfjøsen. Ein time etterpå hadde me fått kolle og kalv, begge skotne av Tormod. I dag gjekk det akkurat som me hadde planlagt, det same kan me ikkje seie om gårdagen på Berge. Då held me på i timesvis etter kolle og kalv men dei lurte oss til dei grader like før dei kom opp til posten vår. God då at det lukkast i dag :-) På bilete ser du to av oss nærast i eit latteranfall, det hadde lite med dyra å gjere men meir med den eminente fotografen vår å gjera. Fotografen ser du på eit eige bilete med dyra :-)