onsdag 9. november 2011

Spissbukken som vart bukk

Dags for måneskinnsjakt igjen. Asle og Ove kom inn til terrenget vårt litt over kl 7 om kvelden og sette seg ut for å venta på at månen og eventuelle dyr skulle kome forbi. Då klokka var halv 9 blei Ove vâr ein skugge eit stykke frå han, han tok opp kikkerten og såg at det var ein liten bukk. Haldet var i lengste laget så det var berre å vente for å sjå om dyret trekte mot han. Det gjorde det, no såg Ove at det var ein spissbukk og Ove skaut. Stor var overraskinga då Ove kom fram til dyret, det var ikkje noko spissbukk men ein bukk som hadde fått alvorleg juling i løpet av brunsttida, alle greiner var knekte nede ved basis med unntak av dei to issetakkane, dermed blei spissbukken plutseleg ein litt eldre bukk :-)

1 kommentar:

  1. Så står det att å lage pølser av måneskinsbukken.
    No spørst det om jegeren klara å laga like gode hjortepølser som i fjor! Helsing Herman

    SvarSlett