 |
Bra bukk dette! |
 |
Ove går over elva, blir relativt blaut her :-) |
Asle og Trygve gjekk opp over tunneltaket (Frudalstunnelen)
medan Tormod og Ove gjekk opp til Heimastødl for å kikre til dei to
på andre sida av elva. Ingenting å sjå så, då var det for Tormod og
Ove å kome seg framover, Tormod gjekk til til Fjellstødl medan Ove
gjekk eit stykke framom der vi har ein gapahuk. Trygve og Asle dels
lurejakta seg framover, dels hadde dei jag fram til Fjellstødl
men noko dyr kom ikkje så då var det å blåse av jakta, men akkurat
då kom det ein stor bukk gåande på andre sida av Besselva, rett
ovanfor Ove. Dyret datt det og Ove hadde fått seg ein 14 taggar. Me slakta dyret etter ein ny måte som me hadde sett på Youtube, dette gjekk
rimeleg greit og er nok noko me vil fortsette med når me er langt til
fjells. Så var det Besselva då, den steig heile dagen og me måtte over den att med slaktet. Det blir vel nærmast for ekstremsport å rekne, vatnet rakk opp til beltestaden men me kom over, ein skulle nesten tru det var våtdrakt me hadde på oss og ikkje jaktklede.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar