På denne bloggen vil du finne innlegg om forskjellige fiske- og friluftslivturar eg har vore med på, vidare vil du finne ein god del innlegg frå hjortejakta til jaktlaget eg er med i.
torsdag 27. september 2012
Kalv på Endrefjellet
Trygve og Asle reiste inn på Berge i 17-tida for å
gå opp på Endrefjellet for å jakte om kvelden. Dei hadde høyrt at bukkane hadde byrje å brøle og dette ville dei ha med seg. Diverre så var det ikkje ein einaste lyd å høyre frå bukkane så Asle posterte ved
godsteinen litt inne på Endre medan Trygve fylgde stien litt vidare
for så å ta seg opp litt mot skreene. Dette gjorde at karane kunne
kikre til kvarandre. Det hadde ikkje gått så veldig lang tid før
Trygve såg ei kolle med kalv kome opp frå Bukkali, dette samtidig
med at skodda hadde byrja å sige på. Trygve gav beskjed til Asle om at det
kom kolle og kalv mot han og at avstanden var ca 300 m. Etter ei lita stund kom det ny beskjed frå Trygve om at no burde Asle
reise seg for dyra var temmeleg nær han. Asle reiste seg forsiktig
og der såg han øyrene til kolla på 20 m hald med kalven 10 m bak,
Asle lirka rifla i posisjon, fann kalven i siktet, skaut og kalven
datt. Planen var å ta kolla etterpå men kolla for springande vidare inn i skoddehavet, der vart ho springande rundt å bjeffa ein liten halvtime
men Asle såg ho aldri att, så det blei med ein fin kollekalv denne kvelden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar