søndag 2. september 2012

Transport og kontroll av slakt

Hjortetransport
"Kontorpulten" til kontrolløren
Dyret er kontrollert og godkjent
Etter at dyra er felt så gjenstår det ein del jobb for at dyra kan bli selde til forbrukarar og hotell. Jaktlaget har eigen feltkontrollør som godkjenner, eventuelt ikkje godkjenner, skrottane. I samband med dette er det ein del rutinar som må fylgjast. Ein må blant anna ha ein del opplysningar frå jegeren om korleis dyret oppførte seg før skotet, vidare er det ein relativ omfattande post mortem undersøking der ein blant anna undersøker milt, lunger, nyrer, lever og lymfekjertlar for å sjå om dyra var friske då dei blei skotne. Her ser du bilete av transport av dyr og "kontorpulten" til feltkontrolløren :-) og til slutt bilete av godkjent slakt.

2 kommentarer: